Gundersens HJ60

Her kan du opprette din egen "garasje", legge inn bilder av din Land Cruiser.

Moderatorer: Snekker_Andersen, baa, HighwayPatrol, lj73jon, ModeratorNLCK

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » man sep 11, 2017 10:26 am

Fekk nyss om ein gamal slitar i nabobygda siste veka. La om ruta litt så eg kunne passere forbi, og det gjorde eg. Og stoppa. Og ringde på døra. Og snakka med eigaren. Naturlegvis :roll: Kort fortald endte det opp med ein ny 60 i tunet.

Har ikkje den største kjennskapen til LC generelt, men har hatt Hilux mk3 "i alle år" og den gamle AT44 60en i 3 år før den endte opp på Sola. Er ikkje godt kjend på forumet, men held til midt i Telemark. 25 år, industrimekanikar og vakse opp med ein fastnykkel i kvar neve. Litt tender loving care burde me vel få til med det grunnlaget.

Bilde
Bilde
Bilde
Sist redigert av KapteinGundersen den tir sep 12, 2017 9:53 am, redigert 1 gang totalt.
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Bilen

Legg innav KapteinGundersen » man sep 11, 2017 10:27 am

1985 HJ60, HJ47935
Ganske standard bil. Kvit lakk, brune flekkar, grått interiør med 5 seter. Opne diffar, 4.0D 2H, 5-trinns manuell, vakum innkopling av 4H, full float bakaksel og lang mangellapp.

Bilen har hatt same eigar dei siste 19 åra (sidan 1998), men rust i hyttefeste og rust i travers bak gjorde at den vart parkert. Det har ikkje blitt gjort nokon endringer anna enn Defa motorvarmar og sete på lastestativ. Orginal lakk, orginal rust og i brukt, men ok stand. 310 000km så her er det mykje motor att.

Bilde
Bilde
BildeBilde
Bilde
Bilde
Sist redigert av KapteinGundersen den tir sep 12, 2017 9:53 am, redigert 4 ganger totalt.
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » man sep 11, 2017 10:29 am

Det viktigaste er å ta PKK og betra tilstanden. Ser det berre er 600kg utan brems og rett over 2t vekt for tilhengar med brems. Skulle gjerne ha lyfta dette til 3,5t.

Likar helst å halda bilane i nærleiken av orginalt så noko hinsides er ikkje planen. For meg er 60-serien trekkvogn, tur- og afrikabil. Med det i bakgrunn ser eg for meg takgrind, soveplattform i lasterom og rundt 33×10,5 All Terrain.
Ser etter orginal PTO med alt tilhørande.
Sist redigert av KapteinGundersen den man sep 11, 2017 10:29 am, redigert 1 gang totalt.
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Framgang

Legg innav KapteinGundersen » man sep 11, 2017 10:30 am

Kjem
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Hjelp seg med litt vask

Legg innav KapteinGundersen » man sep 11, 2017 10:56 am

Fint å byrja med ein liten svampvask for å bli kjend med lakk, bulkar og rust. Takrenner og innramming rundt bakrutene er i veldig god stand, men ser to roser bakerst på taket i samband med takrenna der. Litt værre med dører og framskjermar. Innerskjermene framme er reddbare, men skulle det dukke opp eit par så kjøpast desse. Får pusse litt på dørene medan eg leiter etter brukte i fin stand.

Bilde
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Front

Legg innav KapteinGundersen » tir sep 12, 2017 1:26 am

Bilde

Det er vel eigentleg berre å brette opp armane heller fyrst som sist. Den som for på noko godt i høve rust ender berre opp med å vente forgjeves. Har pirka litt på fronten. Mykje overflaterust, men heldigvis ikkje hol. Best å få bytta det ut med friskt stål før det blir for seint.

Det er jau som det alltid er; jau lenger inn ein grev seg des meir finn ein. Klypt, rive og skrudd vekk reléer, kablar, omformarar og Defa system. Bikkja er like oppgitt som meg over den gamle oppkoblinga. Straumtjuvar og dårleg klamring endar berre opp med grin ein dag, når ein tek til å miste hovudsystemer, ljos eller i værste fall brann.

Bilde
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » tir sep 12, 2017 5:18 pm

Litt blåsing rundt flekkar, i sparkel og bulkar før eg banka dei ut. Likar å ha dei ute før eg skal skjæra ut og sveise inn nytt. Er ingen karosserimann, men bankar heller litt ekstra enn å legga på sparkel. Trudde eg hadde 0,9 stål her, men den gong ei. Resten får vente til utover i veka.BildeBildeBildeBilde

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » søn sep 17, 2017 11:18 pm

Ein liten oppdatering frå i går ettermiddag. Rakk ikkje det heilt store, men er no litt framskritt. Har søka i inn og utland, men finn ikkje denne delen for sal. Tenkte å sveive innom hoggaren og sjå litt på ein delebil som står der. Ikkje at karosseri var så bra så vidt eg hugsar, men får plukke det som byrjer å bli vanskeleg å finna.

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » tir sep 19, 2017 12:27 am

Fekk henta ny under til fronten. I tilsynelatande god stand. Lakka med benga'ish i Rekordgrøn, men det kan godt vera for det beste for å dempe vêr og vind på orginallakken. Blei litt mykje styr med blåsinga av den gamle så fann like greit ut at det var kanskje betre med stålrondell på søyleboremaskina. 2250omdr/min gjer litt. Nesten heile børsta ned for å finne all rusta så no kjem moroa. Med sveising og det.BildeBilde

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » tir sep 19, 2017 12:38 am

Har dei små karosseridelane på jobb. Tek ein og ein del med dit der det er litt meir tilrettelagt enn i garasjen heime.

Heime, der bilen står, blit det alltids noko anna å gjera. Tok ein kikk i kofferten og vart positivt overraska. Ikkke stort med hol, men sjølvsagt litt. Litt i hjulhusa i hovudsak. er ikkje PKK-retta feil, men det må berre takast. Tok ut seter og resten av interiøret, plukka litt dtit som lurar seg innunder tepper o.l. og plukka til slutt ut teppa. Litt børsting av støv på tepperemsaren, varmt såpevatten og ganen fukta med kaffi gjer litt på iveren. Nokre timar etter så vart resultatet noko heilt anna.BildeBildeBildeBilde

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » tir sep 19, 2017 12:44 am

Fekk byrja på hjulhus bak, førarside. Den som leiter finn... Visste om noko, men som det alltid er så endar ein alltid opp med meire jobb enn ein ser for seg. Fann til slutt ut av ytre del av innerskjermane var kav morkne. Ringde Toyota (Funnemark), men dessr delane til 6300,- var utgått. Fader. Godt at dei ikkje hadde dei inne sånn at eg ikkje får for mykje sømn ila natta .....BildeBildeBildeBildeBildeBildeBilde

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator

KapteinGundersen
Innlegg: 90
Registrert: tir mar 29, 2011 2:32 am
Sted: Midt-Telemark
Kontakt:

Re: Gundersens HJ60

Legg innav KapteinGundersen » man sep 25, 2017 9:46 am

Fekk svinga innom Moelv og plukka opp eit Hilux mk1 ratt i helga. Lika ikkje heilt det tynne, orginale, men ville framleis ha det 'orginalt' og tidsriktig. Same diameter, men tjukkare grep. Litt vask så blir det bra.

Har ikkje dei største planane for interiør, men kunne tenkt meg ei betre pute og stoff på førarsida enn det gamle som er utslitt. Skulle nokon kjenne til eit fint passasjersete i grått så send meg ein PM. Sjeldent eg stappar bilen full av folk så har drodla litt med tanka på 2+2 framfor sofaen bak. Kan nok bjuda på problem mtp soveplattform bak, men leikar berre med tanka foreløpig.Bilde

Sent fra min S60 via Tapatalk
HZJ60 AT44
KZN110 37"
LN110 SAS 37"
SJ413 31"

BrageGundersen @ H4K skrev:Verdsmeister kan du godt vera, men EG ER galaksekoordinator


Gå tilbake til «Garasje»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Google [Bot] og 8 gjester