Høgtrykkspyla 12HT motoren, vaska dei værste delane for olje for seinere å kunne finne ut kvar oljesølet kjem frå. Får pakke om motoren etterkvart, men ville i grunn berre ha han inn for å bli kjent med motoren og sjå om noko meir skulle dukke opp.
Før eg satte motoren inn fekk eg bytta simmering bak på veiva, toppdekselpakning, opplagringa til inngåande aksel og tetninga der. Svinghjulet på den gamle 2H motoren har blitt bytta tidlegare i hop med clutchdisk, trykkplate og trøstelager. Det var framleis veldig bra så endte opp med å bruke dette vidare i 12HTen.
Var litt knotete å få ting både inn og ut, men gjekk i grunn greit til slutt. Med delebilen som 1983mod og den kvite som 1985 så vart nokre designendringer frå Totota i denne epoka veldig tydelege. Dette gjorde at tida fløy litt frå meg. Måtte bytte litt kontaktar på kassa for å få det til å passe leidningsnettet som har vakumstyring av 4wd. Boltmønsteret på medbringarane er ulike så endte opp med å bruke '83 mellomakslar, bytta travers på 1983kassa for å få det til å passe 1985 bil osv osv.
Eit par andre ting i høve 12HT til HJ60 var gasswire i staden for semilenkearmer/wire. Bora opp torpedo, fila dei firkanta, fann eit par karosseripluggar i reservedelshylla og fiksa ein hybrid gasspedal av den frå delebil og den som stod i frå før.
Vakuumslangane på motoren var eit saleg rot, men med litt gamle postar frå IH8MUD og elles på Google så fekk eg landa det au. Var mest om >1986 HJ61/-2, som er ulikt 1985 HJ61 som motoren min kjem frå.
La opp provisorisk brytar for stopparen (spjeldet i innsuget) og dura ned på jobb for å bytte olje og filter. Veldig behageleg når tidlegare eigar har merka alle delar med når dei vart bytta. Både oljefilter, dieselfilter, olje og kupévifte hadde dato.
Sent fra min SM-G950F via Tapatalk