Feilmelding P2008 - motor i nød når drar tungt i bakke

Redaktører: ModeratorNLCK,Snekker_Andersen,baa,lj73jon

Svar
dreamcatcher
Innlegg: 36
Ble med: ons jun 15, 2016 12:55 am

Feilmelding P2008 - motor i nød når drar tungt i bakke

Innlegg av dreamcatcher »

Skulle på tur med stor campingvogn og her går motoren i nød i første tunge bakke.

P2008 feilkode: https://www.obd-codes.com/p2008

Fikk verkstedet til å sjekke i går, men fant ikkje noko opplagt feil. Etter å ha konferert med "hotline" i dag koka det ned til "feil grunna ukorekt swirl" eller feil i målt luftmasse. Luftmassemåler er ikkje på lager i Norge so verkstedet trur sannsynligheita for dette er liten. Solenoiden var på lager i Drammen so det tyder på at denne av og til skiftast so det er ein mogleghet, men det verkar veldig rart at feilen kun skjer med tungt slep dersom der er feil i denne ventilen.

Derfor har dei ein teori til: Det store momentet som genererast ved stor last vrir motoren sopass mykje at luftputene som er i motorfesta lek (ps! det er sjekka at ting er tett når bilen står på verkstaden). So planen no er å blende desse slangane og teste igjen med campingvogn på slep. Om den då ikkje går i nød får eg køyre med desse blenda, noko som visst skulle vere uproblematisk. Hjelp ikkje dette går vi for ei naudløysing der eg leiger ein pickup og har bil 2 med på tur i tillegg - so bergar vi iallfall campingturen :-).

Ville berre høyre her om andre har vore borti noko liknandes og kan ha verdifull informasjon å kome med?

Til info:
2005, 120 GX, km. 240k
Alle dyser bytta for eit par veker sidan
Toppakning bytta for ca. 15k sidan. EGR rens etc.
SCV ventil bytta samstundes med toppakning
Turbo bytta for ca. 40k sidan.
dreamcatcher
Innlegg: 36
Ble med: ons jun 15, 2016 12:55 am

Re: Feilmelding P2008 - motor i nød når drar tungt i bakke

Innlegg av dreamcatcher »

Det hjalp ikkje å blende til motorfesta iallfall so då blir det vidare feilsøking...
dreamcatcher
Innlegg: 36
Ble med: ons jun 15, 2016 12:55 am

Re: Feilmelding P2008 - motor i nød når drar tungt i bakke

Innlegg av dreamcatcher »

Det feilsøkast framleis på dette. Lite svar å få her inne, men prøver likevel igjen.

Det blei etter tips frå "dream team" bytta ein vacuum switch (ventil) utan at det heller hjalp:
https://magengines.com/product/25860-30 ... 586030070/

Det siste verkstaden fekk som teori frå ekspertisen er at innsuget er tetta med drit. Det er då litt merkeleg at det skal skje under to år etter at toppen var av for skifte av toppakning. For då skal dette ha vore reingjort. Ikkje rensa til blankt metall, men skit som ein lett kan skrape av skal vere fjerna.

Nokon som har vore borti feil P2008 som kjem av tett innsug?
kamikaze
Innlegg: 48
Ble med: søn sep 06, 2015 11:24 pm
Lokasjon: Sola

Re: Feilmelding P2008 - motor i nød når drar tungt i bakke

Innlegg av kamikaze »

Har ikke kjempemye å komme med, men hvis du har byttet så mye uten løsning så kan en begynne å tro at du muligens må få noen som har peiling på sikkelig feilsøking av bilelektronikk til å se på bilen. Noen som vet hvordan en feilsøker ledningsbrudd, og generell dårlig kontakt i ledningsnett.
Ikke bare noen som leser av feilkoder og begynner å slenge deler i motorromet etter et kjapt googlesøk.

Her er en mulig forklaring på feilkoden jeg fant etter et kjapt googlesøk (ja jeg vet :lol: )



Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde
Svar

Tilbake til «Motor 12x»