Trepunktssele i midten bak VX 95, utfordringa løyst.

Redaktører: Snekker_Andersen,baa,lj73jon

Svar
asgeir n
Innlegg: 1
Ble med: tor mar 21, 2019 12:07 pm

Trepunktssele i midten bak VX 95, utfordringa løyst.

Innlegg av asgeir n »

Har ei utfordring som sikkert har vore diskutert tidlegare i forumet- ettermontering av 3punktssele i midten bak..
På vår VX (95, 50'th anniversary) er det 3 punktsselar på begge sidene bak, men ikkje i midten, der er det kun 2 punktssele/magebelte.
Har tre små, og fruen er berre middels fornøgd med at det manglar 3 punktssele til gullklumpen i midten..

Har undersøkt litt, men det ser ikkje ut til at det er så lett å ettermontere 3-punktssele? Har så langt ikkje funne verksted som vil ta på seg dette, har snakka med firma som driv ombygging av bilar til handikappa o.l., men tilbakemeldinga er at Statens Vegvesen er så strenge at det er veldig vanskeleg å få godkjent "improvisert" ettermontering. Dersom det går an å bruke originalinnfestingane er det enklare mht. godkjenning, men ser ikkje heilt korleis eg skal få til dette i praksis? Muleg det går an å bruke takfestet som er meint for seleinnfesting for 3. seterad heil bakerst i bagasjerommet på ein eller annan måte?? Har vurdert å bytte ut heile baksetet med eit nyare eit som har 3 punktssele i midten integrert, men setefesta på seinare mod passar sannsynlegvis ikkje?

Prøvar å halde meg til leveregelen "happy wife, happy life" naturlegvis, så dersom nokon har erfaring/tips så hadde det vore heilt supert! :D
-----

Mai 2020: Utfordringa løyst. Har montert ein ekstra lang 3 punktssele. Brukte originalfestet for rull beregna på setebelte til 3.seterad heilt bakerst. Dette festet er å finne på 5 seteren òg. Tok ut baksetet, demonterte botnen i setet, fjerna to-punktsselen som var der og brukte innfestingane til dei resterande to festa på den nye 3-punktsselen. Fungerer heilt fint, og selen som går frå bagasjerommet og fram til midsetet på rad 2 er såpass høgt under taket at det går veldig lite utover lastekapasiteten i høgda.
hawk
Innlegg: 17
Ble med: man jan 10, 2022 8:45 pm
Lokasjon: Sokndal

Re: Trepunktssele i midten bak VX 95, utfordringa løyst.

Innlegg av hawk »

Hei. Dette hørtes ikke dumt ut. Er det mulig å få et bilde av installasjonen?

-Håkon
LC 90 D4D 2001
Svar

Tilbake til «Generelt 9x»