Takkar for ei hyggelig tilbakemelding
Ja den garasjen trur eg blir skikkelig trivelig å ha, ser på det som ei investering, nokon kjøper båt/bobil/hytte, eg kjøper detta
Beste tipset eg kan gi er jo som eg har gjort sjølv, fått ein som kan feks å sveise til å forklare meg basis, sjå på når det blir gjort og så prøve sjølv. Så er det jo flust av videoar på youtube, pluss eg har vel skumma igjennom halve Google etter korleis eg skulle gjere det når det var tid for å ha lakk på. Så er det jo lov å gjere feil, vist ikkje får ein jo ikkje gjort noko
Men for all del, skal endelig holde kurs i sleggemekanik, vinkelslipertango, varm limpistolføring og krass ordbruk

Det hender jo rett som det er når ein holder på med ting ein ikkje har greie på, at ingen ting blir rett og ein får lyst til å dra til ting med slegga, men då blir det jo fort merarbeid, så då svarar det seg helst å gå heim å prøve på nytt ein anna dag. Og så er det jo absolutt ikkje noko som skal på kongelig bilutstilling heller
