Trepunktssele i midten bak VX 95

Moderatorer: lj73jon, Snekker_Andersen, baa

Svar
asgeir n
Innlegg: 1
Registrert: tor mar 21, 2019 12:07 pm

Trepunktssele i midten bak VX 95

Legg inn av asgeir n » tor feb 06, 2020 1:03 pm

Har ei utfordring som sikkert har vore diskutert tidlegare i forumet- ettermontering av 3punktssele i midten bak..
På vår VX (95, 50'th anniversary) er det 3 punktsselar på begge sidene bak, men ikkje i midten, der er det kun 2 punktssele/magebelte.
Har tre små, og fruen er berre middels fornøgd med at det manglar 3 punktssele til gullklumpen i midten..

Har undersøkt litt, men det ser ikkje ut til at det er så lett å ettermontere 3-punktssele? Har så langt ikkje funne verksted som vil ta på seg dette, har snakka med firma som driv ombygging av bilar til handikappa o.l., men tilbakemeldinga er at Statens Vegvesen er så strenge at det er veldig vanskeleg å få godkjent "improvisert" ettermontering. Dersom det går an å bruke originalinnfestingane er det enklare mht. godkjenning, men ser ikkje heilt korleis eg skal få til dette i praksis? Muleg det går an å bruke takfestet som er meint for seleinnfesting for 3. seterad heil bakerst i bagasjerommet på ein eller annan måte?? Har vurdert å bytte ut heile baksetet med eit nyare eit som har 3 punktssele i midten integrert, men setefesta på seinare mod passar sannsynlegvis ikkje?

Prøvar å halde meg til leveregelen "happy wife, happy life" naturlegvis, så dersom nokon har erfaring/tips så hadde det vore heilt supert! :D

Svar

Gå tilbake til «Generelt 9x»