Eg har tinga meg eit sett med nye frå partsouq, dei gamle var såpass forderva når eg hadde fått dei ut at det ikkje går å samanlikne dei, men for meg så ser det 100% likt ut utanom nippelen på toppen. Kjøpte ny toyotamutter som var lik dei gamle, og den og gjekk på utan problem. Så er kun dimmensjonen på nippelen som er forskjell ser det ut for, men skal dobbeltsjekke når eg får dei nye.
Eg lurte jo evt på om eg laga til noko, evt bytte slange. Men eg slo det litt ifra meg når eg tenkte på at då blir det forskjell i diameter fra framme og bak, om det har noko å sei på funksjonen av systemet. Mtp seinare så er det greiast at det står det som skal være der om eg treng bytte noko andre plassar i systemet så eg ikkje får fleire uheldighetssituasjonar. Men det er prisen ein betalar når ein tar ein litt kjapp avgjørelse på finn
Eg vil også nevne at å komprimere foringane er ein tomannsjobb, lange forlengarar kobla i sammen, igjennom øyet på sylinderen, sikra akslingen med jekkestropp og brukte akslingen som vågemat for å komprimere foringane såpass at mutteren kunne monteres på toppen. Iom at eg leita meg ihjel etter korleis folk gjorde detta på verdsveven med ahc sylindrar uten hell, så vil eg dele den metoden eg brukte. Prøvde først på gamlemåten med å bruke vekta på bilen fra bakken men den gjekk i bumpstop før sylinder var botna.
Synst det og var litt rart at det skal være forskjellige dimensjonar på systemet innad i modelåra. Men ser jo ut som dei passar på UZJ100 frå 98-02 då.
Toyodiy va ei kjekk side, rett i favoritter!
Så no er det bare å vente til gjengen i Dubai får somla seg til å få spadd sylindrane avgarde, har begynta på første veka av ferien og hadde håpt å få brukt bilen litt i ferien, kanskje ein liten tur med den!