Har ein 2008 modell, registrert seint i 2007.
No har eg bytta 4 stk calippere, og 4 stk bremsekiver. Skivene var blitt skeive pga at calipparane stod fast.
Km 63000.
På Jæger Åsane fekk eg vita at dette er eit velkjent problem, også på dei såkalte "forbedra" calipparane.
Men det vert berre bytta gratis på bilar reg. før ein eller anna dato i 2005.
"Kjerro mi" er også importert, så garantien er ute.
Kjøpte alle delane på Autorek i Bergen. Dei har bra priser på dette. Feks 4 skiver: 2200,-
Har kontakta Toyota Norge om dette. Fekk berre til svar at garantien var ute, og forstod det slik at det var "heilt greit" at bremsedelane på 120 en er elendige greier.
Trur me må kalkulera med å skifta alt dette på kvar 50-60.000 km.
