På tide med garasje her for min del. Dukka nett opp ein 60 etter leiting i lang tid.
Kan byrje litt med meg sjølv fyrst. Er ein 20 år gamal kar frå Ulefoss i Telemark. Har no eit friår med jobbing mellom fyrstegongstenesten og meire industrimekanisk skule. Har tidlegare hatt to Hiluxar, sjølvsagt lettere modifiserte. Har den eine enno samt at det dukka opp ein mk3 til her for litt sidan som skal SAS'as og byggast opp over ein to-års periode. Forrutan det driver eg au med ein SJ413 som skal stå klar til start i biltrailsesongen 2013 i klassa modified. Dei andre stend det meire om på H4K (og i signatur) om det skulle vera av interesse.
Reiste opp til Trodheimsområdet førre veke for å hente ein av noregs gjevaste 60-bygg. Mange her kjenner til bilen frå før samt some har tidlegare eigd han.
Litt kort info.
Org dim. 44x18,5x15 med 38x15,5x15 som alternativ.
Akselavstand flytta 30 cm
ARB framme og bak
Hydro assist
1HZ konvertert
Har eigd to Hiluxar tidlegare, men ein femsetar og litt betre køyrekomfort var sakna. Det er sjølvsagt ikkje ein "ned for å kjøpe mjølk"-bil, men blir brukt til lengre turar, treff og on/off road. Planen er å rigge han opp som ein ekspedisjonsbil med hovudvekt til bruk på vintarstid.
Utvendig er det ikkje mykje å gjera anna enn eit-to dusin rustroser. Innvendig er det derimot litt meire. Rens av bakseter, bytte av framseter, nytt teppe samt litt stæsj og lagringsløysningar.
Då eg overtok bilen verka ikkje differensialen framme so turen over Røros vart langtekkeleg.
Nytt pinionglager må bestillast i tillegg til truleg ny giring og mykje anna smått. For å nemne pakningar til styresnekke, knokkelhus, tankmålar, dieselrøyr og -slangar ++ samt ein litt større service.

Logg:
20121227 - Bytta pakningar, styresnekke
20121227 - Bytta simmeringar, knokkelhus
20121230 - Nye glødepluggar
20130108 - Montert varmeelement i viskarane
20130119 - Montert nyoverhala differensial
20131011 - Overhaling av framaksel